Produkter
Olivin – ein ultramafisk bergart
Olivin blir danna 50–60 km under jordoverflata og vart pressa opp til overflata i Noreg under den kaledonske fjellkjedefoldinga for rundt 450 millionar år sidan. Norsk olivin blir rekna som den beste i verda, med eit MgO-innhald på 46–49 %. Den har eigenvekt på 3,2–3,3 og eit smeltepunkt på heile 1800 °C.
Takka vere sine unike eigenskapar blir olivin brukt til ei rekkje føremål:
- Som slaggdannar i stålproduksjon
- Som eldfast materiale
- Som støypesand i støperi
- Til sandblåsing
- Som smykkestein i den krystallinske peridotvarianten
- Som ballastmateriale
- Til stabilisering av forureina massar
- I vassbehandling til å fjerne tungmetall og giftstoff
- Til CO₂-binding: finknust olivin kan ta opp store mengder CO₂ og binde dette i permanente mineralstrukturar
- MPC sement
- Råstoff for brucitt
Kvalitet
Kvaliteten på olivinen i Vassbakkedalen er svært høg og på nivå med dei leiande førekomstane i Europa. Olivinen har eit MgO-innhald på 46–49 %, og analysar viser ingen førekomst av asbest over EU sine grenseverdiar.
Råvara eignar seg godt både til industrielle prosessar og til miljøføremål. Tilbakemeldingar frå kundar stadfestar at leveransane held jamn og stabil kvalitet.
Kontroll
Kvalitetssikringa startar allereie i brotet med prøvetaking av borehol, og blir følgt opp gjennom heile produksjonsprosessen fram til ombordlasting av skip.
Prøvane blir analyserte for kjemisk samansetjing, kornstorleik og fukt i samarbeid med NTNU (Noregs Teknisk-Naturvitskaplege Universitet) i Trondheim.