Code of Conduct

Åtferdsreglar for tredjepartar (Code of Conduct)

 

Føremål


Steinsvik Olivine AS er forplikta til å drive verksemda på ein ansvarleg, berekraftig og etisk måte. Vi forventar at leverandørane våre, underleverandørar, agentar og andre samarbeidspartnarar («tredjepartar») deler desse prinsippa. Desse åtferdsreglane (Code of Conduct, CoC) skildrar krava og forventningane våre til tredjepartar som samarbeider med oss.

 

2. Etterleving av lover og reglar

 

Tredjepartar skal alltid:

  • følgje gjeldande nasjonale og internasjonale lover, forskrifter og standardar
  • overhalde alle relevante reglar innan arbeidsliv, miljø, helse, tryggleik og konkurranselovgiving.
  • respektere internasjonalt anerkjende menneskerettar

 

3. Arbeidsforhold og menneskerettar


Steinsvik Olivine AS forventar at tredjepartar:

 

  • yek vare på rettane til arbeidstakarane, inkludert retten til rettferdig løn, arbeidstid og kvile
  • sørgjer for eit trygt, inkluderande og diskrimineringsfritt arbeidsmiljø
  • ikkje nyttar barnearbeid, tvangsarbeid eller andre uetiske arbeidspraksisar
  • respekterer retten til å organisere seg og delta i kollektive forhandlingar

 

 

4. Helse, tryggleik og miljø (HMS)

 

Vi legg stor vekt på ansvarleg ressursbruk og miljøvern. Difor krev vi at tredjepartar:

 

  • arbeider aktivt for å redusere utslepp, avfall og annan miljøpåverknad
  • tek vare på tryggleiken til tilsette og lokalsamfunn gjennom tydelege HMS-rutinar
  • følgjer alle miljøkrav knytte til mineralutvinning, transport og prosessering


5. Etikk og integritet


Tredjepartar skal:

 

  • drive verksemda på ein rettferdig og open måte
  • avstå frå korrupsjon, bestikking, urettmessige fordelar eller interessekonfliktar
  • sørgje for at all informasjon som blir gitt til Steinsvik Olivine AS, er korrekt og påliteleg


6. Leverandørkjede


Vi forventar at tredjepartar òg stiller tilsvarande krav til eigne leverandørar og underleverandørar, slik at ansvarleg drift blir sikra gjennom heile verdikjeda.

 

7. Oppfølging og etterleving


Steinsvik Olivine AS atterheld seg retten til å gjennomføre revisjonar eller inspeksjonar hos tredjepartar.
Brot på desse åtferdsreglane kan føre til tiltak, inkludert oppseiing av samarbeidet.

 

8. Forplikting


Ved å inngå samarbeid med Steinsvik Olivine AS stadfestar tredjepartar at dei har lese, forstått og vil etterleve desse åtferdsreglane (Code of Conduct).