Om oss 

Historikk

Steinsvik Olivine AS vart etablert i 1995 med mål om å utvinne olivin frå førekomsten i Vassbakkedalen i Volda.

 

Etter fleire år med undersøkingar og planlegging starta selskapet sin fyrste produksjon i 2004, opphavleg som underjordisk drift. Allereie året etter vart den fyrste lasten skipa ut.

 

På grunn av høge sikringskostnader med bolting av lausblokker i tunnelane ved underjordsdrifta, vart drifta lagt om til dagbrot i 2006.

Etter ein konkurs i 2009 vart verksemda teken opp att under nytt eigarskap året etter. I åra som følgde vart det lagt stor vekt på kartlegging, testproduksjon og miljøtiltak for å sikre ei meir robust og berekraftig drift.

 

I dag framstår selskapet som ei moderne bergverksbedrift med fokus på kvalitet, tryggleik og vidareutvikling av olivinen sine bruksområde.

Drifta

Dagens verksemd er basert på dagbrot i Raudehamaren, der uttaket skjer frå kote 100 til 275 moh.

Råmassen blir grovknust og finknust i brotet og frakta vidare til Treneset, 3,2 km unna.

 En gravemaskin arbeider på et skrått område. Landskapet viser brune og grå steiner med et frustrerende utsikt over en dal og en elv i bakgrunnen.

 Anlegget har fleire knuse- og siktesteg som bearbeider olivin til ønskt fraksjon, vanlegvis 0–4 mm eller 0–8 mm sand.

Maskiner som knuser olivin

Lagerkapasiteten er på rundt 40 000 tonn, medan produksjonskapasiteten ligg på om lag 180 000 tonn i året, med moglegheit for auke.

En gravemaskin som laster sand fra en haug på en byggeplass. To store hauger med grått materiale er synlige i bakgrunnen, omringet av trær med høstfarger.

Utskipingsanlegget kan laste båtar med inntil 10,5 meters djupgåande og har ein lastekapasitet på ca. 1 200-1500 tonn per time. Dette gir fleksibilitet og gjer det mogleg å levere store volum effektivt til kundar både i Europa og andre marknader.

En vinterlig havn med en stor fraktbåt til kai. Maskiner og lastebiler er synlige på land, der sand eller grus blir lastet fra et stort haug. Is dekkes av deler av vannet.

Selskapet har eige salskontor i Tyskland (Steinsvik Olivine Sales GmbH), og har underleverandøravtale med Fromberger GmbH i Duisburg der olivinen blir tørka, sortert og pakka for distribusjon.

En oversikt over en fraktbåt som laster sand. To personer står på bunnen av båten, mens en rørledning leverer sand direkte inn i lasten. Båten er delvis fylt med sand i bølger.

Utvikling 

Som ein del av den vidare satsinga planlegg Steinsvik Olivine AS å utvide produktporteføljen, og driv forsking saman med norske og internasjonale miljø på nye bruksområde innan miljøteknologi.

Målet er at slike produkt skal kunne tilbydast direkte frå anlegget i Steinsvik innan få år, som ein del av selskapet si kontinuerlege utvikling og tilpassing til marknaden sine behov.