Berekraft og miljø
Miljø
Masseuttak inneber alltid inngrep i naturen, og vi har difor eit klart mål om å drive på ein måte som minimerer belastninga på miljøet.
Steinsvik Olivine AS oppfyller krava i bergverkslova og konsesjonsvilkåra, og arbeider systematisk for å redusere utslepp til luft og vatn.
Vi jobbar kontinuerleg med forbetringar til beste for både lokalsamfunn, natur og miljø.
Slik sikrar vi etisk og berekraftig samarbeid
Steinsvik Olivine AS er forplikta til å drive verksemda på ein ansvarleg, berekraftig og etisk måte. For å sikre trygge arbeidsforhold, rettferdig praksis og respekt for miljøet, forventar vi at alle våre leverandørar, underleverandørar og andre samarbeidspartnarar følgjer dei same prinsippa.
Vår Third-Party Code of Conduct gjer greie for dei grunnleggande krava vi stiller til lovlydnad, menneskerettar, HMS, integritet og ansvarleg drift gjennom heile verdikjeda.
Klikk på lenkja under for å lese dei fulle retningslinjene.
Utvikling
Framtidige bruksområde olivin kan nyttast innan:
- CO₂-fangst og -binding
- Produksjon av magnesiumfosfatsement (MPC)
- Pozzolansk material til sementindustrien (alternativ til tradisjonell sement)
- Produksjon av silisium- og magnesium-metall
Som ein del av den vidare satsinga planlegg vi å utvide produktporteføljen.
Målet er å tilby desse produkta direkte frå vårt anlegg i Steinsvik som ein naturleg del av vår utvikling og deltaking i reduksjon av klimagassutslepp og tilpassing til marknaden sine behov.